JANNE FLITTIG JACOBSEN - Foredragsholder i temaet seksuelle overgrep og incest    
     

 

Home Page Image
 

Foto: Hildegunn Andersen
 

 
 

Janne Flittig Jacobsen er gift og har to barn. Hun har jobbet innen temaet seksuelle overgrep og incest i åtte år. Av utdanning har hun bla. høgskole innen sosialpedagogiske fag.
 

 

 



Egne presseklipp

Publisert i Varden 06.03.07
Tekst: Halvor Ulvenes

-Pedofile har det som plomma i egget

Janne Flittig Jacobsen vart utsett for seksuelle overgrep i elleve år. I går kveld bad ho kommunepolitikarane i Bø om å setje overgrepssaker på kartet. Jacobsen bad politikarane om å vakne.

: -Slik det er i dag har dei pedofile det som plomma i egget ved at sakene vert dyssa ned. Her i Bø er det statistisk 500 kvinner og barn som har vorte utsett for overgrep, sa Flittig Jacobsen i sitt timelange innlegg om si eiga historie. Bø-kvinna vart misbrukt av stebestefaren gjennom mange år.

Manipulert

I det sterke innlegget fortalte ho korleis barn kan fremprovosere seksuelle overgrep. –Barnet veit at det vil skje og framprovoserer handlinga for å bli ferdig, slik at ein kan leike med andre ungar. Overgriparen brukar dette for alt det er verdt. Hans handlingar er nøye planlagte manipulasjonar, var bodskapen hennar til dei folkevalgte.

Mistrudd

Trass i at bestefaren tilstod overgrep og valdtekt, opplevde Flittig Jacobsen at lokalsamfunnet ikkje trudde på henne. –Etter elleve år med overgrep fekk eg høyre at historia mi ikkje var sann, sa den modige kvinna.

Låg straff

Bø-kvinna illustrerte elles korleis samfunnet reagerer på ulike lovbrot. Ho refererte til ein dom der ein overgripar fekk nokre få månader i fengsel, og 20 000 i bot, medan ein person på Skåtøy – som skar ned feil tre med motorsag – fekk 250 000 kroner i bot.
Flittig Jacobsen peika og på at i dei få TV-debattane om temaet får ikkje offera sleppe til. –Me er ikkje verdige til å delta, men ingen kan lese seg til korleis det er for eit barn å bli valdtatt. No må de som politikarar få opp ordskiftet og setje denne saka på dagsorden, understreka Janne Flittig Jacobsen.